Heim

Sognefjorden Vel.



Sognefjorden Vel vart starta opp som ein foreining den 14. januar 2015. Foreningen sit formål er å fremme ein god forvaltning av Sognefjorden og ein bærekraftig hausting av fjordens resursar. Dette skal gjerast gjennom arbeid for å spreia kunnskap om Sognefjorden sit økosystem. Foreiningen er ein medlemsforeining med medlemskontigent. Me har og eigen facebookside.


Styret er sett saman av menneskjer som alle har ei interesse i Sognefjorden, frå ulike stader rundt Sognefjorden, og me har alle med oss ulike erfaringar og yrkesbakgrunn, slik at me har eit bredt samansett styre.

 Om det er noko kan de gjerne ta kontakt med oss på mail torbjorn.dale@enivest.net, eller websideredaktør olav.vestrheim@vlfk.no.

Vervekampanje for Sognefjorden Vel – 2022


Godt nyttår!

Sognefjorden Vel er ein interesseorganisasjon som ønskjer å vera eit talerøyr for Sognefjorden. Føremålsparagrafen vår er:

«Foreininga sitt føremål er å fremja ei heilskapleg forvalting av Sognefjorden, og ei bærekraftig hausting av fjorden sine ressursar. Dette skal oppnåast gjennom arbeid for å auka og spreia kunnskap om Sognefjorden sitt økosystem».

Me ønskjer oss fleire medlemmer for å styrka foreininga vår; difor inviterer me deg, organisasjonen din eller verksemda di til å verta medlem for 2022


Kontingenten er kr. 200 for personar, og kr. 1000 for verksemder/organisasjonar.


Vår bankkonto er  1503.58.66334, eller du kan  nytta Vippsnr. 1380009.


Lenke til heile vervekampanjedokumentet

ÅRSMØTE 31. Mars 2022